Kåre 80 år

Den 1. april 2022 så var pappa/svigerfar 80 år. Dette måtte me sjølvsagt feire stort på Hamarøy. Og me måtte jo også gjera litt ekstra stas på jubilanten, så då laga me ein liten film om Kåre. Og den filmen, den kan du sjå her.

Ei tidsreise med Kåre frå 1942 til 2022.

Synnøve Marie Kårstad si gravferd

Sjølv gudane var triste på torsdag 3. februar 2022, på Synnøve Marie Kårstad si gravferd, for det regna mykje og var eit trist vêr. Men sjølv om det var ein trist og tung dag, så var det ei vakker markering inne i kyrkja, der familie, vener og sambygdingar tok farvel med Synnøve.

Klikk deg inn her https://kaarstad.com/gravferd-til-synnove-marie-karstad/ dersom du ønskjer å sjå på nokre av innslaga frå gravferda.

Sensasjonen Mette

Mette smiler breitt, men ler også litt av meg når eg fortel ho kor vakker ho er. Som vanleg synes ho at eg overdriv litt, men det var før det. For no er det dokumentert, frå det store utland til og med, og då MÅ det jo vera sant!!!

Les denne artikkelen og du skjønar at eg overdriv ikkje det minste når eg finn fram superlativa for å beskriva Mette.

Artikkelen er jo sjølvsagt heilt ekte, men eg kan jo ikkje vita heilt sikkert om forfattaren brukar psevdonym då 😉

Olav vart konfirmert

Den 18. september 2021 vart Olav (Mette sin Olav altså) konfirmert på Varaldsøy, og selskapet vart halde i Hestavika i flotte omgjevnader. I samanhang med konfirmasjonen så laga me også ein kjekk liten film som viser bilder av Olav i frå han var ein skjønn liten baby, og heilt fram til den unge mannen han har vorte no. Sjå filmen og nyt alle dei fine bilda. Last gjerne ned filmen om du ønskjer å ta vare på ein kopi hos deg sjølv 🙂

Presentasjon av Olav